FORENINGSPORTAL Foreninger i Masfjorden

LivOGLyst - eit program for lokalsamfunnsutvikling i Vestland

Vil du vere med og skape eit levande, attraktivt og inkluderande lokalsamfunn?

Vil du vere med og skape eit levande, attraktivt og inkluderande lokalsamfunn?

LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil styrkje trivsel, fellesskap og aktivitet der dei bur. Programmet gir både kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og lokale

Sjå informasjonsvideo om programmet:

https://youtu.be/Nc4KcdrZE2Q


Informasjonsmøte 24. september

Vil du vite meir? Bli gjerne med på digitalt infomøte om LivOGLyst-programmet 24. september.

https://www.vestlandfylke.no/narings--og-samfunnsutvikling/distriktsutvikling/livoglyst-for-lokalsamfunnsutvikling/

Kontakt

Ingrid Kristiane Fardal

programansvarleg


Opptak hausten 2025

Søk om å bli med i programmet med eit LivOGLyst-prosjekt innan 1. november.

Kva er eit LivOGLyst-prosjekt?

Eit LivOGLyst-prosjekt blir drive av innbyggjarar i lokalsamfunnet. Dette kan vere eit nabolag, ei bygd eller ein bydel. Målet er å samle folk på tvers av alder, bakgrunn og interesser for å skape noko positivt saman. 

Forprosjekt

Prosjekta startar alltid med eit forprosjekt. Forprosjektet får eit tilskot på 80 000 kr i støtte til å få folk med, skape engasjement, få fram idear og teste dei ut. Første året handlar det ikkje om å ha ei løysing klar - men å samle folk og å finne ut kva dei har lyst til. 

Hovudprosjekt

Etter forprosjektet kan de søkje om å bli eit hovudprosjekt. Då kan de få 300 000 kr over tre år og kan jobbe vidare med arbeidet frå forprosjektet. 

Tilskota til forprosjekt og hovudprosjekt kan brukast til

  • Prosjektleiing (inntil 50 prosent)
  • Mobiliseringstiltak og aktivitetar (t.d. idéverkstader, arrangement, møteplassar, utstyr)
  • Deltaking i LivOGLyst-nettverket (reise, opphald, kurs)

LivOGLyst-nettverket

Som prosjekt blir de del av eit regionalt nettverk med andre eldsjeler frå heile fylket. Her får de

  • opplæring i prosjektarbeid og relevante tema
  • ei årleg fysisk nettverkssamling med inspirasjon og erfaringsdeling
  • digitale faglege og sosiale møteplassar gjennom året
  • oppfølging frå fylkeskommunen og ein lokal kontaktperson i kommunen

Få inspirasjon og les om prosjektet til Ålfoten LivOGLyst.

Sosiale media

2025 © Frivilligsentralen