-
Kommunale tilskot på kulturområdet
Kommunale tilskot på kulturområdet Søknadsfristar for å søke om tilskot på kulturområdet samt framlegg til kulturpriskandidat for er 15. april.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Sparebankstiftinga ønskjer å vere drivkraft for samfunnsutvikling i regioene vår. Sparebankstiftinga delar årleg ut tilskots gåver til lag og organisasjonar.Gåvemidlar- søk Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane skal bygge opp om visjonen vår om å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane, og skal fremje våre verdiar; mangfald, trivsel og utvikling.
"Kor mykje skal vi søkje om?”
Dette er ofte det første spørsmålet vi får frå lag og organisasjonar – men ikkje lett å svare heilt konkret på. Sparebankstiftinga ønskjer generelt å bidra inn i gode spleiselag. I det ligg det at det er sjeldan Sparebankstiftinga stiller med alle naudsynte midlar; vi ønskjer at alle involverte partar yter etter evne ut frå dei ressursane ein har tilgang til. Oppfyller du vilkåra for å søkje, kan du gå rett til søknadsportalen
Masfjorden kan søke sjølv om kommunen ikkje tilhøyrte Sogn og Fjordane. Skriv det gjerne i kommentar. Ein finn ikkje Masfjorden som alternativ i oversikta av kommunar, legg då inn Gulen.
Her finn du skjema for Forenkla søknad (om inntil 50 000 kr, forløpande handsaming), og ein måned før kvar søknadsfrist opnar vi skjema for Ordinære søknadar (søknadsfristar 1. mars og 1. september) samt Furorestipend (søknadsfrist 15. juni) og Inkluderingsfondet (søknad gjennom heile året).
https://www.sparebankstiftinga.no/sok-om-midlar/soknadstips/